tirsdag 14. oktober 2008

Og mannen han gjekk seg...



Den har allerede varmet mange ganger, denne veden.

Når hausten kjem

Når hausten kjem
når kulden kjem
og kveldane vert myrke,
sit eg ved elden
og hullar min song -
held liv i kvida,
manar fram solminne.


Olav H. Hauge

3 kommentarer:

solfrid sa...

Den har jeg sunget mange ganger for barna mine, en av de kule =D
Nå er det snart hjemmelaga
pizza. Grøss og gru sier minstemann. Skjønner ikke det.

For dere som ikke kan den, egner seg ypperlig på fest;


Kråkevisa

Og mannen han gjekk seg i vedaskog -
Hei fara, i vedaskog.
Då sat det ei kråke i lunden og gol.
Hei fara. Faltu riltu raltu ra.

Og mannen han tenkte med sjølve seg -
Hei fara, med sjølve seg:
"Skal tru om den kråka vil drepa meg?"
Hei fara. Faltu riltu raltu ra.

Og mannen han spente sin boge for kne -
Hei fara, sin boge for kne.
Så skaut han den kråka så ho datt ned.
Hei fara. Faltu riltu raltu ra.

Så spente han føre dei folane tolv -
Hei fara, dei folane tolv.
Så køyrde han kråka på lovegolv.
Hei fara. Faltu riltu raltu ra.

Av tarmane laga han tolv par reip -
Hei fara, tolv par reip.
Og klørne dei brukt' han til møkkagreip.
Hei fara. Faltu riltu raltu ra.

Av skinnet så laga han tolv par skor -
Hei fara, tolv par skor.
Det beste paret det gav han til mor.
Hei fara. Faltu riltu raltu ra.

Av augo så laga han stoveglas -
Hei fara, stoveglas.
Og nakken den sett' han på kyrkja til stas.
Hei fara. Faltu riltu raltu ra.

Av nebbet så laga han kyrkjebåt -
Hei fara, kyrkjebåt,
så folk kunne ro både til og frå.
Hei fara. Faltu riltu raltu ra.

Og munnen den brukt' han til mala korn -
Hei fara, mala korn.
Og øyro dei hadd' han til tutarhorn.
Hei fara. Faltu riltu raltu ra.

Og kjøtet det salta han i tynner og fat -
Hei fara, i tynner og fat.
Og tunga den hadd' han til julemat.
Hei fara. Faltu riltu raltu ra.

Og hjartet det sette han på fiskekrok -
Hei fara, på fiskekrok.
Og ingen har sett slik ein fisk han drog.
Hei fara. Faltu riltu raltu ra.

Og då det ikkje var meire å ta -
Hei fara, var meire å ta,
så drog denne kar'n til Amerika.
Hei fara. Faltu riltu raltu ra.

Og den som kje kråka kan nytta så -
Hei fara, kan nytta så.
Han er ikkje verd ei kråke å få.
Hei fara. Faltu riltu raltu ra.

MOLLY sa...

hehehe...jeg har en som tar på seg jobb med å stable ved:)

nefertiti sa...

solfrid: Enig, den sangen er dritkul ;-)

molly: jeg får ikke lov til å stable ved, det blir altfor skjevt...